Misvisande om teaterbesøk

- Norsk Kulturbarometer blei lagt fram denne veka. Delar av pressa har gjort eit poeng av at Kulturløftet til dei raudgrøne har vore til inga nytte. Men er det så enkelt, spør teatersjefane Hanne Tømta og Erik Ulfsby i eit innlegg i Aftenposten 25.05.2013.


Misvisande om teaterbesøk


Norsk Kulturbarometer blei lagt fram denne veka. Delar av pressa har gjort eit poeng av at Kulturløftet til dei raudgrøne har vore til inga nytte. Men er det så enkelt?

Tal frå Norsk Teater- og Orkesterforening viser at teaterbesøket stig, og besøket på Det Norske Teatret og Nationaltheatret har vore oppsiktsvekkjande høgt i 2012. Men Oslo Nye Teater, privatteater og revyscenar er også med i Kulturbarometerets rapport, og desse kan vel knapt seiast å ha opplevd noko Kulturløft dei seinare åra? Kulturløftet har gitt positivt resultat for publikum hos dei institusjonane som har nytt godt av det. Det viser tala frå Norsk Teater- og Orkesterforening, Det Norske Teatret og Nationaltheatret.

Besøkstal er heller ikkje einaste gyldige parameter når ein diskuterer Kulturløftet. Det Norske Teatret og Nationaltheatret er opptekne av kunstnarleg kvalitet og bidrag til samfunnsdebatten. Eit høgt, og stigande, tal menneske finn vegen til eit stadig meir samansett og utfordrande teaterrepertoar. Det er gledeleg, og ein inspirasjon til ytterlegare løft. Å bruke Statistisk sentralbyrås rapport til ei evaluering av Kulturløftet er sterkt misvisande.

Hanne Tømta, teatersjef Nationaltheatret
Erik Ulfsby, teatersjef Det Norske Teatret

Publisert: 20.10.2013 Oppdatert: 20.10.2013

Relaterte artikler