Nye tider – nye ambisjonar

– Når vi skal lage ei ny kulturmelding, så er det for å legge lista høgare. Slik avslutta teatersjef Erik Ulfsby oppstartkonferansen for Kulturmeldinga i førre veke, og understreka: – Når verda går fortare, må vi samtidig styrke dei langsame arenaene som kunsten på mange måtar representerer. Kunsten skal halde mennesket menneskeleg, sa han. NTO gir att heile talen her:

Portrett av Erik Ulfsby
Erik Ulfsby, teatersjef ved Det Norske Teatret

Nye tider – nye ambisjonar


Vi lever i ei verd som blir stadig mindre, og der moglegheitene på mange måtar blir stadig fleire. Kontaktflatene oss menneske imellom utvidar seg med ein fart det var vanskeleg å sjå føre seg berre for nokre få år tilbake. Det digitale skiftet er over oss for lengst, og det er jo ei nokså intens oppleving for dei fleste. Når noko går veldig fort, er det fort gjort å miste kontroll og oversikt. Det er ei allmenn og gyldig sanning anten du køyrer bil, eller når eit samfunn endrar seg. Og samfunnet endrar seg med stor fart.

«Bakpå er krise. Der kan ingen av oss vere.»

Endringsindustrien med alle sine endringskonsulentar sel inn bodskapen om at «No går toget, no må du vere med, elles hamnar du bakpå». Og det vil vi jo ikkje. Bakpå er krise. Der kan ingen av oss vere. Kvar som helst, men ikkje bakpå. Dermed kastar dei fleste av oss seg nokså ukritisk på nærmast alle tog, som regel utan heilt å vite kor toget faktisk skal. Vi vil jo for all del ikkje bli ståande attpå perrongen aleine. Henge etter liksom. 

Så vi er om bord. Så får vi heller spørje konduktøren eller konsulenten undervegs om kor det er vi faktisk skal, når vi er framme og kva som skal skje når vi kjem fram. Det siste er det ingen som heilt veit. Men vi veit at det er viktig å vere på veg akkurat dit. Vi er om bord, om ikkje anna.

«Visdommen som følgjer med eit langt liv blir vanskelegare å selje.»

Verda går fortare. Men aldringa vår, den går seinare. Helst så seint som mogleg. Ein krevjande kombinasjon. For det er jo unekteleg eit paradoks at vi skal leve stadig lenger, men at den akkumulerte visdommen som følgjer med eit langt liv på mange måtar blir vanskelegare og vanskelegare å selje.

Men så skjer noko interessant. For bak den stadig større farten omkring oss oppstår det nemleg eit anna og nytt rom. Eit bakrom. Som veks. Dette er eit rom som kunsten må fylle i enda større grad i åra som kjem. Det går så fort med så mange, og med så mykje, at det oppstår ein stadig større lengt etter det langsame. Denne lengten etter det som går seint, er altså ikkje noko som blir vedteke, det er rett og slett ein naturlov. Vi blir berga av vår menneskelege natur. 

«Kall dei gjerne tilfluktsrom.» 

Skal vi overleve den store farten så må vi altså samtidig styrke dei langsame arenaene som kunsten på mange måtar representerer. Romma der ein finn det langsame og det tenksame. Gjer vi ikkje det, så mistar vi som samfunn, og som menneske, den nødvendige balansen. Det vil rett og slett vere avgjerande for folkehelsa at desse romma finst, og at dei blir utvida og utvikla slik at fleire får plass i dei. Kall dei gjerne tilfluktsrom. Utvide betyr i denne samanhengen fleire ting. Både ei nødvendig arena-utviding. (Vi er fleire menneske enn før, og vi kjem til å bli enda fleire i nær framtid.) Ei utviding av tilgjengelegheit. (Openheit. Opningstider.) Og sist, men ikkje minst: ei utviding av mannskap. Kunsten må rett og slett oppbemannast. Dette er nemleg eit felt som verken er eigna for robotar eller uendeleg med nye appar. Tvert om. Vi er motvekta. Ankeret. Vi skal halde mennesket menneskeleg.

Politikk er å prioritere. Det er fort gjort å nedprioritere kunst og kultur. Vi veit at det er fort gjort å tenkje at ein ny sjukeheim eller ein ny veg er viktigare. Lettare å måle er det også. Det er fort gjort å tenke at kunst og kultur er noko vi ser oss råd til når alle andre behov er oppfylte. Noko som kjem på toppen. Men det er feil. Kunsten ligg i botnen. 

«Teatret skal gjere det lettare for mennesket å døy.»

«Teatret skal gjere det lettare for mennesket å døy», sa ein klok kollega av meg ein gong. Det vil seie at det ei oppgåve for teatret og kunsten, å få oss til å innsjå og forsone oss med at vi er forgjengelege. Kunsten har dermed ei av dei aller viktigaste oppgåvene i samfunnet, og det er avgjerande at ei ny kulturmelding vågar å seie akkurat det. Og for å finne fram kalkulatoren: Eg er heilt overtydd om at ei kraftig styrking, la oss seie ei dobling, av kulturbudsjettet ville ført til innsparingar som er vesentleg større i den store samfunnsrekneskapen. 

La meg seie litt meir om det. Eg har notert at det er eit ønske om å styrke forsvaret i tida framover. Det kan vere mange gode grunnar til det. Eg skal ikkje argumentere mot ei styrking av verken det norske forsvaret eller andre tiltak, men vil minne om at det kanskje mest effektive forsvaret mot radikalisering, utanforskap og uønskte haldningar knapt vil finnast verken i forsvars- eller justissektoren i åra som kjem. Eit aktivt og inkluderande kulturliv vil nok vere langt meir effektivt og meir målretta, for å ty til språkbruken i andre sektorar. Og for å halde fast ved kost/nytte perspektivet litt til, så er eg altså heilt overtydd om at nokre titals millionar brukte til å inkludere hundrevis eller tusenvis av nykommarar, både barn og unge, i det norske kulturlivet vil vere pengar sparte gonger hundre i andre sektorar. 

«Vi må ta inn over oss at både Det Norske og Teatret er i sterk endring.»

For over hundre år sidan blei Det Norske Teatret oppretta som ein ny og nødvendig arena for dei som kom utanfrå og «snakka litt rart». Den gongen kom dei frå Nord-Noreg, Vestlandet, Trøndelag, Sørlandet og Dalstroka innanfor. Hundre år seinare har vi sagt at om vi skal fortsette å heite Det Norske Teatret, så må vi ta inn over oss at både Det Norske og Teatret er i sterk endring. Derfor er vi på nytt ein arena for dei som kjem utanfrå, og vi er framleis stolte over namnet vårt. På mange måtar er det rimeleg å krevje at alle som flaggar Norsk, Det Norske eller det Nasjonale, for den saks skuld, må famne det nye norske, det nye nasjonale. Eg er glad for alle signal frå Kulturministeren om at ho er opptatt av dette perspektivet, og oppmodar henne og alle andre politikarar til å styrke dette i tida framover. For «Rikets Sikkerhet», som det jo heiter.

No er sjølvsagt ikkje behovet for eit meir mangfaldig kulturliv først og fremst ei forsvarssak. Mitt poeng er i denne samanhengen berre å peike på ein openberr bonuseffekt. Hovudsaka for oss som jobbar med kunst, er sjølvsagt at fleire fargar, i alle meiningar av ordet, gir oss ein vidare etisk og estetisk palett, og gir oss meir rom til å bli relevante. Det blir viktig framover.

«Fleire fargar, i alle meiningar av ordet, gir oss ein vidare etisk og estetisk palett.»

Når vi skal lage ei ny kulturmelding, så er det for å legge lista høgare. Ikkje fordi det står så dårleg til. Det er mykje i norsk kunst og kulturliv i dag som held eit svært høgt nivå. For å komme vidare er det viktig med ei vidareutvikling av dialogen og at utvekslinga med dei beste og mest interessante kreftene internasjonalt blir styrka. Vi må kunne vise oss fram på dei mest relevante internasjonale arenaene, og vi må få musklar til å hente dei fremste internasjonale kunstnarane til Noreg. 

Eit nærliggande eksempel for meg: Det Norske Teatret hadde nyleg gleda av å ha ein av dei aller fremste teaterregissørane i verda, Robert Wilson, på huset. Hans og vår versjon av Edda blir no invitert til prestisjefylte arenaer over heile verda, frå Shanghai og Sydney til New York og St. Petersburg og mange, mange fleire. Det er vår ambisjon at vi skal erobre verda med arbeidet vårt. Ikkje noko mindre. 

«Vegen til Champions League er kortare for norsk kunstliv enn for norsk fotball akkurat no.»

Eg veit at fotballen også sorterer under kulturministeren. Eg er veldig glad i norsk fotball, men det må vere lov å seie at vegen til Champions League er kortare for norsk kunstliv enn for norsk fotball akkurat no, og eg håper og trur at kulturpolitikken i tida framover vil ha store ambisjonar for synleggjering av det beste av norsk kunst og kultur i utlandet. Det bygger sjølvtillit, det utvidar nettverk og det utvidar/utviklar til sjuande og sist også kunsten.

Så er det viktig å understreke at politiske målsettingar, anten dei kjem i den eine eller andre fargen, aldri må få gå på kostnad av kvalitet. Utan å sette kvalitet i høgsetet er vi ingenting. 

Tidlegare styreformann for Det Norske Teatret og styreformann i Norsk teater- og orkesterforening, Viking Mestad, sa det så klokt:

«Statleg styring med scenekunsten må aldri få lov til å bety noko anna enn å sørgje for at teatra har midlar, som brukt på ein fornuftig måte, gir høgst mogleg kunstnarleg kvalitet som resultat». 

Erik Ulfsby
Teatersjef Det Norske Teatret

SJÅ OPPTAK FRÅ KONFERANSEN HER.

Publisert: 11.05.2017 Oppdatert: 12.05.2017