NTO om siktinga av Black Box teater

– Ein må spørre seg om statsadvokatembetet og politiet har tatt inn over seg kor sterkt vern kunst skal ha som frie, kritiske og samfunnsbyggande ytringar i det norske demokratiet. Dette er jo sjølve fundamentet for Kulturmeldinga regjeringa akkurat har lagt fram for Stortinget, seier Hans Antonsen, styreleiar i NTO i dag i samband med siktinga mot Black Box teater og kunstnarane bak «Ways of Seeing».

Bilde av Hans Antonsen som sitter i Klidens teatersal
Hans Antonsen, styreleiar i NTO

Siktinga mot Black Box Teater og kunstnarane bak «Ways of Seeing» kan vere det alvorlegaste angrepet på kunst som fri ytring i nyare tid. Det meiner Norsk teater- og orkesterforening (NTO).

– Det er like sjokkerande som det er paradoksalt at politiet ønsker å bruke svært inngripande tvangsmiddel som ransaking av private heimar for å leite etter bevis som skulle underbygge ein tvilsam påstand om at bustadbilete i ei offentleg teaterframsyning skal ha krenka privatlivets fred, seier styreleiar i NTO, Hans Antonsen.

Det er VG som 15. mars skriv at formålet med politiets begjæring om husransaking, som blei avslått av Oslo Tingrett, er å sikre seg filmopptak.

Ut frå alt som er kjent om teaterstykket «Ways of Seeing» og debatten i etterkant, er det uforståeleg og uakseptabelt at dette skal føre til ein slik overreaksjon frå påtalemakta.

– Ein må spørre seg om statsadvokatembetet og politiet har tatt inn over seg kor sterkt vern kunst skal ha som frie, kritiske og samfunnsbyggande ytringar i det norske demokratiet. Dette er jo sjølve fundamentet for Kulturmeldinga regjeringa akkurat har lagt fram for Stortinget, seier Antonsen.

NTO meiner politet må trekke anken om husransaking frå lagmannsretten og legge bort saka. Skjer ikkje det, har styret i NTO lørdag avgjort at det vil tilby Black Box Teater bistand for å fri seg frå anklagene.

Styret i NTO ønsker velkomen ein offentleg debatt om kunsten som blir skapt på norske scener.

– Men debatten må ta utgangspunkt i det som faktisk blir skapt i norske teater, ikkje i forvrengte framstillingar deltakarar i debatten ser seg tent med å skape. Det er heller ikkje ei akseptabel ramme at kunst ikkje må gjere det vanskelegare å vere politikar. Kunst opnar nettopp for nye måtar å sjå på. Alt ettersom, kan det jo gjere det både lettare og vanskelegare, seier Hans Antonsen.

NTO viser til Ragnhild Freng Dales artikkel «Ways of Seeing, eller: Hvem skal vi bestemme hva vi ser?» i Norsk Shakespearetidsskrift for eit oversyn over teaterstykket og debatten etterpå.

Publisert: 16.03.2019 Oppdatert: 17.03.2019

Relaterte artikler