NTO til høyring om statsbudsjettet for 2020

– Vi lever i urolige tider. Hendingar i land etter land viser kor viktig det er at samfunnet har frie og sterke institusjonar, mellom dei mediene og kulturlivet. Det liberale demokratiet vårt er bygd på dei. Den direkte mediestøtta er unntatt for ABE-kutt dei komande åra. Det vil vere ei god oppfølging av kulturmeldinga om komiteen no kunne gi beskjed om at det samme må gjelde for kulturlivet. Dette sa styreleiaren i NTO, Hans Antonsen, da han i dag møtte til høyring på Stortinget saman med Morten Gjelten, direktør i NTO, om statsbudsjettet for 2020.

Morten Gjelten og Hans Antonsen til høyring på Stortinget

NTO møtte 21. oktober 2019 til høyring om kulturbudsjettet for 2020 i familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Vi leverte samtidig vår skriftlege høyringsuttalelse til komiteen.

Les her kva styreleiaren i NTO, Hans Antonsen, sa i møtet:


Gode stortingsrepresentantar!

Namnet mitt er Hans Antonsen. Eg er styreleiar i Norsk teater- og orkesterforening. Ved mi side, direktør Morten Gjelten. Vi er her på vegne av 49 orkester, teater og andre scenekunstverksemder.

Det som skapar betydelige vanskar for oss er den oppsamla virkninga av seks år med små, årvisse kutt i løyvingane, altså den systematiske halve prosenten mindre kvart år enn det som trengs for å vege opp for lønns- og prisveksten.

Regjeringa kallar det ABE-reform. Men det finst ikkje språkleg grunnlag for å kalle dette reform. Det er berre kutt.

Kulturministeren gjer dette til eit spørsmål om tru. Ho, eg siterer frå dagen ho la fram kulturbudsjettet, ho «nekter å tro at det ikke går an å gjøre ting 0,5 prosent smartere».

Vidare meiner ho at desse årvisse kutta «vil føre til at vi driver på smartere måter og tenker kreativt på nye måter å gjøre ting på» (Dagsavisen 7.10.19).

Med all respekt: Teater og orkester er kreative, skapande institusjonar. Nye måtar å gjere ting på er kjerneverksemda vår. Scenekunst og musikk har innebygd den beste effektivitetsdrivaren av alle: Nemleg kunstnarisk ambisjon og pasjon! Å ha pengar nok til å spele eit stykke med så mange skodespelarar som det bør ha, å kunne spele eit musikkverk med ei besetning stor nok til å få fram den rike orkesterklangen: dette er eksempel på våre eigne, positive drivarar for effektivitet som fører til god ressursbruk. Kulturdepartementets evalueringar av institusjonane viser det samme bildet.

Det kan virke smått med ein halv prosent i året. Men på denne måten har regjeringa Solberg sørga for at musikk- og scenekunst no har om lag 70 millioner kroner mindre i året. Det er for eksempel meir enn den statlege løyvinga til eit av våre større teater, nemleg Rogaland Teater.

Rundt ein tredjedel av det regjeringa har spart, deler dei ut igjen til prosjektstøtte for inkludering og mangfald og bekjemping av fattigdom. Det er gode formål, og det er fint at ei rekke av våre institusjonar får støtte her. I budsjettframlegget kan ein få inntrykk av at dette har vore ei støtteordning det var kjent at ein kunne søke tilskot frå. Men denne ordninga var i år som i fjor ukjent før budsjettet kom. Då kan ein slett ikkje vere sikker på at dei beste prosjekta er komne fram til departementet.

Arbeidet for mangfald og inkludering må skje lokalt. Det står høgt på dagsorden hos alle våre medlemmer, og mykje kunnskap blir delt i nettverka våre. Derfor er det også overraskande at Regjeringa legg opp til at akkurat mangfaldsarbeid treng ei sentral koordinering, og at Kulturrådet skal styrkast med heile 4,4 millionar kroner for å kunne ta på seg dette. Dette er sentralisering. Samfunnet vil få meir igjen for å la desse midlane bli liggande igjen ute i felten.

Vi lever i urolige tider. Hendingar i land etter land viser kor viktig det er at samfunnet har frie og sterke institusjonar, mellom dei mediene og kulturlivet. Det liberale demokratiet vårt er bygd på dei. Den direkte mediestøtta er unntatt for ABE-kutt dei komande åra. Det vil vere ei god oppfølging av kulturmeldinga om komiteen no kunne gi beskjed om at det samme må gjelde for kulturlivet.

Takk.

Publisert: 21.10.2019 Oppdatert: 21.10.2019

Relaterte artikler